Jobbsjansen - Eit tilbod for deg som har innvandrarbakgrunn og er motivert for jobb

Jobbsjansen kan vera noko for deg om du er i alderen 18-55 år, har innvandrarbakgrunn, er heimeverande og ikkje deltek i andre ordningar.

Kven er vi?

Jobbsjansen er eit samarbeid mellom Integrerings-og mangfoldsdirektoratet (IMDI) og Øygarden kommune. Vi kartlegg kvalifikasjonane til deltakarane, evner og ønske, og hjelp dei vidare til jobb eller utdanning. Deltakarane får opplæring etter behov og hjelp til å koma seg ut i arbeidslivet eller utdanning.

Målgruppe

Heimeverande kvinner med innvandrarbakgrunn:

  • i alderen 18-55 år
  • med behov for grunnleggjande kvalifisering, som ikkje har tilknyting til arbeidslivet
  • som ikkje har rett på introduksjonsprogram, kvalifiseringsprogram eller andre ordningar
  • motivert for jobb

Prioritert målgruppe er kvinner som:

  • er familiegjenforente
  • er gift med norsk eller nordisk statsborgar
  • er gift/sambuar med arbeidsinnvandrer, som ønskjer å bu og jobba i Noreg
  • mottek overgangsstønad

Søk Jobbsjansen

Søknadsskjema for Jobbsjansen

Kva kan vi tilby deg?

Løn tilsvarande 1G (for tida 10 336 kroner per månad)

  • Fast kontaktperson
  • Individuelt tilpassa heiltidsprogram
  • Råd og rettleiing
  • Arbeidspraksis (minimum 2 dagar i veka)
  • Språktrening
  • Sosialt nettverk
  • Opplæring i å skriva CV og jobbsøknad
  • Informasjon om arbeidsmarkedet og jobbsøkerprosessen
  • Arbeidsrettet undervisning
Jobbsjansen
E-post
Telefon 94 98 71 42