Dersom du har manglande norskkunnskapar, har du krav på tolk i møte med kommunale tenester. Det er tenestestaden som tingar og betalar tolken. Du kan ikkje sjølv tinga tolk.
Tolking går føre seg på telefon, eller ved at tolken møter opp personleg til samtalen.
Tolken har teieplikt og skal vera kvalifisert.
Publisert 22.08.2019 08.37
Sist endra 24.09.2024 14.01