Kven kan få slikt startlån?
- Du skal kjøpe bustad for første gang (unntak kan gjerast ved f.eks. livskrise)
- Du kan ikkje vere i målgruppa for ordinært startlån (NB! Barnefamiliar må søke ordinært startlån)
- Du må ha utnytta ditt sparepotensiale og ha minimum 5% av bustaden sin verdi i eigenkapital
- Du må kunne dokumentere avslag på lån i ordinær bank (2-3 bankar)
Kven kan/må søke saman?
- Ektefellar og par i sambuarskap må som hovudregel alltid søke saman
- Søknadar frå personar i annan type relasjon vert som hovudregel ikkje godkjent (f.eks. vener, foreldre, søsken osv.)
Kva kan finansierast med startlån?
For personar i målgruppa kan startlånet brukast i Øygarden kommune til
- kjøpe eller bygge bustad (ikkje byggelån eller lån til oppussingsobjekt)
- overta bustad etter livskrise
Kor mykje kan du låne?
Lånesum er avhengig av din beteningsevne, storleiken på din eigenkapital og din totale gjeldsbyrde.
Merk at inkassogjeld og betalingsanmerkningar som hovudregel vil gje avslag på lånesøknad.
Ein bustad skal også vere eigna for husstanden, nøktern og rimelig samanlikna med prisnivået på staden.
Kva er lånevilkåra?
- Løpetid på 10 år
- Etter 10 år må restgjelda refinansierast i ordinær bank
- Avdrag tilsvarar opp til 30 års løpetid
Kva må leggast ved søknaden?
Du får rettleiing i søknadsskjemaet om kva type vedlegg som alltid skal leggast ved. Søknaden vert ikkje behandla før all nødvendig dokumentasjon er sendt inn.
Slik søker du
For å søke startlån må du ha ein sikker elektronisk ID, ein BankID.
NB! Husbanken brukar ein ‘lånevelger’ som avgjer kva lånetype du er i målgruppa for.
Søk om startlån og tilskot (elektronisk søknad)
Kva skjer vidare?
Dersom søknaden er komplett med all etterspurd dokumentasjon, er saksbehandlingstida normalt 1 til 2 månadar, med atterhald om periodevis unntak.
Klage
Du har rett til å klage dersom du meiner noko i vedtaket er feil. Klagefristen er 3 veker frå den dagen du har motteke vedtaket. Følg klagerettleiing i vedtaket ditt.
Kontakt oss
Her finn du kontaktinformasjon for startlånsordninga
Har du spørsmål om søknaden din?
Logg inn på søknaden din via Husbanken og send ei direkte melding til saksbehandlar. Då vil du få svar innan kort tid.
Lover og reglar
Forskrift om startlån