Økonomisk sosialstønad

Økonomisk sosialstønad skal bidra til å sikra eit forsvarleg livsopphald. Økonomisk sosialstønad er mellombels og subsidiært. Det inneber at du må gjera det du kan for å verta heilt eller delvis sjølvhjelpen med eigne midlar.

Krav til søkjar

  • Du må ha lovleg opphald i Noreg.
  • Du må opphalda deg i Øygarden kommune. Dersom du oppheld deg i ein annan kommune er det denne kommunen du skal søkja i.
  • Du har ikkje tilstrekkelege midlar til å dekkja utgifter til livsopphald, husleige og straum.

Slik søkjer du

For å søkja elektronisk må du kunne legitimera deg ved bruk av BankID.

Søk om sosialstønad elektronisk 

Søk om sosialstønad (papirskjema) (PDF, 521 kB)

Søknaden må vera tilstrekkeleg dokumentert. Du må i utgangspunktet levera skriftleg dokumentasjon på alle inntekter og utgifter.

Dersom du treng hjelp til utfylling, kan du få dette på NAV-kontoret.

Du finn meir informasjon om økonomisk sosialstønad på heimesida til NAV.

Rettleiande satsar for økonomisk sosialstønad

Rettleiande satsar for økonomisk sosialstønad
Kven Stønad pr. mnd
Einslege 7 850
Ektepar/sambuarar 13 100
Person i bufellesskap 6 600
Barn 0 ‐ 5 år 3 850
Barn 6 ‐ 10 år 3 950
Barn 11 ‐ 17 år 5 150

Øygarden kommune følgjer statens rettleiande satsar for sosialhjelp.

Det vert i kvar sak gjort ei konkret og individuell vurdering med grunnlag i dei opplysningane som ligg føre i saka. Det vert i utgangspunktet ikkje gitt barnetillegg frå barn nr. 4. I familiar med 4 eller fleire barn vert stønad rekna ut frå dei eldste barna. Barnetrygd vert halden utanfor ved utrekning. Andre inntekter vert rekna med.

Kva skjer vidare?

Nav Øygarden registrerer søknaden din. Det vert vurdert om det må leverast meir dokumentasjon før søknaden kan behandlast.

For tilstrekkeleg dokumenterte søknader vil saksbehandlingstid vera 3-4 veker. Dersom søknaden ikkje kan behandlast innan denne tida, skal du få beskjed om dette.

Klage

Du kan klaga på vedtak knytt til økonomisk sosialstønad, klagefrist er 3 veker frå du mottok vedtaket.

I vedtaket får du informasjon om klagerett.

Det er viktig at du opplyser om kva vedtak du klagar på og kvifor du klagar. Dersom det er nye opplysningar i saka, er det viktig at desse vert lagde ved.

Dersom du treng hjelp til å fylla ut ein klage, kan du få dette ved NAV kontoret.

Lovar og reglar

NAV Øygarden
Telefon 55 55 33 33

Opningstider

Måndag og torsdag

kl. 12.00 - 14.00

Adresse

Grønamyrvegen 18,
5353 Straume

Postadresse: NAV Øygarden, 
Postboks 143, 5341 Straume