Varig tilrettelagt arbeid i ordinær verksemd

Dette er eit tilbod for deg som har uføretrygd når du jobbar i eit skjerma eller ordinær bedrift med tilpassa arbeidsoppgåver.

Kven er tiltaket for?

Tiltaket er for personar som mottek eller ventar på å få uføretrygd og treng skreddarsydd tilrettelegging og tett oppfølging.

Korleis få plass?

NAV opprettar VTO-plassen dersom det er tilgjengelege midlar. Ta kontakt med inkluderingskontakten for å setja opp informasjonsmøte.

Mål for tiltaket

Tiltaket skal gje arbeid med oppgåver tilpassa arbeidsevna til den enkelte.

Det er ønske, behov og føresetnader til den enkelte som er avgjerande for om det skal opprettast varig tilrettelagde arbeidsplassar i ordinære bedrifter.

Arbeidsgjevar må kunna tilby eit individuelt tilpassa opplegg etter føresetnadene til den enkelte og med nødvendig oppfølging.

Lovverk og rettar

Du er arbeidstakar i samsvar med arbeidsmiljølova, og det skal liggja ein arbeidskontrakt til grunn for tilsetjingsforholdet. Arbeidsgjevar og brukar sender søknadsskjema og avtale til NAV for godkjenning og kopi av arbeidskontrakten.

Meir informasjon 

Ta kontakt med inkluderingskontakt i NAV Øygarden, Karina Valen, på tlf. 960 17 374.

På nettsida til NAV finn du meir informasjon om varig tilrettelagt arbeid.