Vil du bidra til at unge med nedsett funksjonsevne kjem i arbeid?

Informasjon om tiltak og refusjon for arbeidsgjevarar.

NAV Øygarden tilbyr individuell jobbstøtte til unge arbeidstakarar under 30 år som mottek uføretrygd og som har ønske om å få varig tilrettelagt arbeid.

Visjonen til regjeringa er eit samfunn der alle kan delta. Det vert sett fokus på å inkludera fleire med nedsett arbeidsevne i arbeidslivet. Målet er at den einskilde skal kunna utføra eit sjølvstendig arbeid med ulik grad av tilrettelegging, og at det blir tilpassa opplæringa og arbeidsoppgåvene til den enkelte.

Kva er varig tilrettelagt arbeid?

Dette tiltaket er for personar som mottek eller som ventar på å få innvilga uføretrygd, og som har behov for spesiell tilrettelegging og tett oppfølging.

Kva kan du forventa?

Som arbeidsgjevar får både du og arbeidstakar individuell og tett oppfølging av ein inkluderingskontakt.

Arbeidsgjevar kan få tilskot frå NAV for varig tilrettelagt arbeid. Denne tilskotssatsen er på kr. 6 241 per månad.

Meir informasjon

Ta kontakt med inkluderingskontakt i NAV Øygarden, Karina Valen, på tlf. 960 17 374.

På nettsida til NAV finn du meir informasjon om varig tilrettelagt arbeid for arbeidsgjevarar.