Kven kan få startlån/tilskot?
Personar/familiar med langvarige problem med å finansiere eigen bustad som samtidig har stabil inntekt over tid. Dette er inntekt frå vanleg løna arbeid, eller trygdeytingar/offentlege stønadar
Kven er IKKJE i målgruppa for startlån?
- Unge i etableringsfasen utan omsorg for barn
- Ektepar/sambuarar/einslege utan omsorg for barn og i inntektsgjevande arbeid
- Ektepar/sambuarar/einslege som manglar eigenkapital, men har sparepotensiale
Kven må/kan søkje saman/medsøkjarar?
- Ektefellar og par i sambuarskap må alltid søkje saman. Vert ein av partane registrert som ‘bebuar’, kan søknaden ikkje behandlast og vert trekt.
- Søknadar frå personar i annan type relasjon vert som hovudregel ikkje godkjent (t.d. vener, foreldre, søsken osv.)
Kva kan finansierast med startlån?
For personar i målgruppa kan startlån brukast til
- Kjøp av bustad
- Refinansiere med pant i bustaden og innanfor verdien av bustaden (kan som hovudregel berre innvilgast èin gong)
- Kjøpe ut ektefelle
- Tilpasse/utbetre bustad
I nokre tilfelle kan kommunen kombinere startlån med kommunale tilskot til tilpassing.
Kor mykje kan du låne?
I Øygarden kommune er kjøpesum avgrensa opptil ca. kr. 2.600.000,- for einslege og ca. kr. 3 200.000,- for fleire personar. Unntak frå kjøpesumsgrensa kan gjerast for til dømes store familiar med beteningsevne.
Bustaden må også vere eigna for husstanden, nøktern og rimelig samanlikna med prisnivået på staden.
Du må kunne betene renter og avdrag på lånet
Kommunen kan ta større risiko enn ein vanleg bank. Det er likevel eit absolutt krav at søkjar har beteningsevne for eit startlån. Dersom du frå før har ein høg gjeldsbyrde med for eksempel dyre forbrukslån, vil du ha redusert evne til å betene renter og avdrag på eit bustadlån. Inkassogjeld og betalingsanmerkningar vil som hovudregel gje avslag på søknad om startlån.
Vedlegg
Søknaden vert ikkje rekna som levert før alle opplysningar og dokumentasjon føreligg. Du får rettleiing i søknadsskjemaet om kva type vedlegg som SKAL leggast ved. Du treng ikkje å legge ved detaljerte helseopplysningar. Det er familien sin beteningsevne av lånet som er av avgjerande vekt i handsaminga av søknad, ikkje helseopplysningar. Vi tek kontakt om det er noko vi lurar på.
Slik søkjer du
For å søkje startlån må du ha ein sikker elektronisk ID, ein BankID. Dersom du ikkje kan skaffe ein BankID, kan du gje fullmakt til ein medhjelpar som kan søkje for deg. Ta kontakt med kommunen for informasjon om framgangsmåte ved bruk av medhjelpar.
Søk om startlån og tilskot (elektronisk søknad)
Kva skjer vidare?
I Øygarden kommune er det eining for service som behandlar alle saker som gjeld startlån. Dersom søknaden er utfylt med all dokumentasjon vedlagt er sakshandsamingstida 1 til 2 månadar, i enkelte periodar kan den bli noko lengre. Dersom vi må spørje dykk etter meir informasjon kan saksbehandlingstid auke.
Klage
Du har rett til å klage dersom du meiner noko i vedtaket er feil. Klagefristen er 3 veker frå den dagen du har mottatt vedtaket. Før du klagar må du lese vedtaket nøye. I ein klage må du skrive kva du meiner er feil og grunngje dette. Klagen skal sendast elektronisk til kommunen via søknaden din.
Avdragsutsetting
Treng du kortvarig avdragsutsetting kan du søke om dette hos Intrum, som er kommunen sin låneforvaltar. Har du behov for ein lengre periode med avdragsutsetting må du sende søknad til kommunen. Ein slik søknad må grunngjevast, og etterspurd dokumentasjon må leverast. NB! Avdragsutsetting fører til høgare månadlege avdrag.
Søknadsskjema for lengre avdragsutsetting
Kontakt oss
Her finn du kontaktinformasjon for startlånsordninga
Har du spørsmål om søknaden din?
Logg inn på søknaden din via Husbanken og send ei direkte melding til saksbehandlar. Då vil du få svar innan kort tid.
Lover og reglar
Forskrift om startlån