Reservasjon av møte med saksbehandlar: Startlån

Du kan reservere tid for samtale/møte med ein saksbehandlar på startlån.

Møtet vil føregå per telefon. Dersom det vert behov for eit fysisk møte, vil det bli avtalt direkte med saksbehandlar.

Møtetidspunkt

Tysdag og torsdag 13.00 - 15.00. Møtelengde ca. 15 minutt.

Kva kan du få hjelp til?

Du kan få svar på generelle spørsmål vedrørande startlån. Vi vurderer ikkje konkrete saker i eit møte.

Du kan få rettleiing til å finne fram til søknadsskjema, men ikkje hjelp til utfylling. Har du spørsmål eller treng rettleiing undervegs i søknadsutfylling, kan du kontakte saksbehandlar.

Korleis avtalar du møte med saksbehandlar?

Du vel tidspunkt og fyller inn informasjon i skjemaet du finn på knappen under.

Reserver møte med saksbehandlar

Korleis avlyse eller flytte ein avtale?

I stadfestinga du fekk på e-post vel du "Planleggje på nytt" lenka/knappen.