Startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell

Bu og jobb i Øygarden.  

Lån til bustad for deg som jobbar innan helse

Kommunen har vanskar med å skaffe arbeidskraft innan helse og velferd. Vi tilbyr bustadlån (startlån) til deg som jobbar i Øygarden kommune som helsefagarbeidar, sjukepleiar eller andre stillingar innan helse. 

Ingen krav til eigenkapital. Opptil 100% finansiering

Vi kan finansiere opptil 100% av bustadens verdi. 

Ikkje berre for nytilsetjingar

Dersom du allereie arbeidar innan helse i Øygarden kan du også få lån. 

“Det med liten skrift”

  • Startlån skal supplere, ikkje konkurrere med den private kredittmarknaden. Det blir ikkje gitt startlån til helsepersonell som får lån i vanleg bank.
  • Det er eit absolutt krav at søkjar har beteningsevne for renter og avdrag på eit startlån. Dersom du frå før har ein høg gjeldsbyrde med for eksempel dyre forbrukslån, vil du ha redusert evne til å betene renter og avdrag på eit bustadlån. 

 

Søk om startlån

Her søker du om startlån. Vi handsamar søknader fortløpande.

Har du motteke jobbtilbod, vurderer å søke jobb i kommunen, og treng du eit raskt foreløpig svar på kor mykje du kan få i lån, ta kontakt med oss. 

Ta kontakt

Vil du snakka med oss om startlån for deg som jobbar i helse? Ta kontakt.