Husvære til utleige og møblar

Øygarden kommune vil ha behov for å leige inn private husvære for å sikre nok bustader til flyktningane frå Ukraina. Vi tek også mot møblar som du kan donera bort.

Ill. - Klikk for stort bilete

Husvære

Dersom du har ein bustad som kan vere aktuell, kan du melde den inn i her.

Innmeldingsskjema for husvære til utleige

For å sikra raskast mogleg busetjing av ukrainarar, er det no mest behov for å leiga møblerte husvære med plass til to til fire personar.

Øygarden bustadforvaltning KF vil kontakte deg dersom ditt husvære vert vurdert som aktuelt for leige. Du står sjølvsagt fritt til å leige ut til andre personar all den tid du ikkje har høyrt frå oss.

Møblar

Vi tek også mot gode møblar som du vil eller kan donera bort som sofa, bord, stolar, barneseng, kommodar, gode og fine senger, lampar og fjernsyn.

Vi har lokale på Telavåg skule, der møblar og andre ting kan leverast og lagrast. Kontakt Øygarden bustadforvaltning KF på e-post: obu.kf@oygarden.kommune.no Send gjerne med bilete om det lar seg gjere. 

Er det umogeleg for deg å levera, ordnar vi henting.