Omsorgsbustad

Eldre, sjuke, funksjonshemma og andre som har behov for tilrettelagt bustad, kan søkja om å få leiga omsorgsbustad.

Kva tilbyr vi?

Ein omsorgsbustad er ein fysisk tilrettelagt bustad for personar med behov for ulike grader av oppfølging, pleie og omsorg.

Dersom du får tildelt omsorgbustad, må du i tillegg søkja på helse- og omsorgstenester avhengig av hjelpebehovet ditt.

Kven kan få tilbodet?

Personar med omfattande behov for oppfølgning, pleie og omsorg og som tilhøyrer desse gruppene:

  • eldre personar 
  • personar med psykisk og fysisk funksjonshemming
  • personar med alvorlig psykisk liding eller dobbeltdiagnose psykisk liding og rus

Korleis få tilbodet?

Søk om omsorgsbustad (PDF, 354 kB)

Pris

Du betalar husleige etter kommunale satsar. Det er varierande leigepris på kommunale bustader. Ta kontakt med kommunen for meir informasjon.

Personar som bur i omsorgbustad kan søkja om bustønad

Kva skjer vidare?

Dersom søknaden din vert godkjend, vert du sett på venteliste til omsorgsbustad. Kommunen har ofte fleire bustadsøkjarar enn det er ledige bustader. Det kan difor vera noko ventetid for å få tildelt bustad.

Øygarden kommune
Telefon 56 16 00 00