Treningssenteret Aktiv365 inviterer til sosialt samvær og eit variert aktivitetstilbod. Vi håpar at ulike aktivitetar, både inne og ute, felles måltid saman med kjekke instruktørar og andre deltakarar kan fremja trivsel og helse. Tilbodet er måndag og onsdag kl. 10.30-14.30.
Aktivitetsprogram er til ei kvar tid tilpassa dei som deltek! For å delta, treng du:
- lett/behagelig tøy
- innesko
Flinke instruktørar er med gruppa heile dagen og passar på at opplegget er tilpassa di helse og dine ønske.
Kven kan delta?
Tilbodet er for personar som har utfordringar med hukommelsessvikt/demenssjukdom og bur heime. Treng du transport, ordnar vi det.
Pris
Tilbodet kostar kr. 90,- per dag. Dette inkluderer transport og aktivitetstilbod + middag kr. 94,- og evt. dessert kr. 25,-.
Korleis søkja
Søk plass på Aktivitet 365 (PDF, 354 kB)
Send utfylt og signert skjema til:
Øygarden kommune
Ternholmvegen 2,
5337 Rong
Treng du hjelp til søknad eller ønskjer meir informasjon om tilbodet, kontakt gjerne koordineringssenteret på tlf. 56 16 00 00.
Sist endra 26.10.2020 13.45