Kven kan få tilbodet?
- Du som ikkje kan nytta deg av andre opne aktivitetstilbod i kommunen
- Du som er pårørande med stort omsorgsansvar som treng avlasting i kvardagen
Ulike dagaktivitetstilbod
For eldre:
- Kvednatunet, Ågotnes
- Straume bu- og servicesenter, Straume
- Tednebakkane omsorgssenter, Rong
For personar med svekka minne/demensdiagnose:
- Aktivitet 365, Straume
- Memento, Sartor Storsenter
- Kvednatunet, Ågotnes
- Straume bu- og servicesenter, Straume
- Tednebakkane omsorgssenter, Rong
- Aktivitetssenteret, Skogsskiftet
Slik søkjer du
I søknadsskjema skriv du kva du søkjer. Dersom ein annan person sender inn søknad på vegne av deg, må du gje fullmakt.
Søknadsskjema for helse, omsorg og velferdstenester
Papirskjema
Papirskjema for helse, omsorg og velferdstenester (PDF, 354 kB)
Utfylt og signert skjema skal sendast til:
Øygarden kommune
Ternholmvegen 2, 5337 Rong
Søknadsbehandling
Kommunen har plikt til å behandla saka så snart råd er. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du ha skrifteleg svar på årsaka til dette med opplysningar om kva tid ein meiner at vedtaket vil bli gjort.
I vedtaket vil det koma fram om søknaden vert innvilga eller ikkje.
Får du innvilga søknad om dagaktvitetstilbod, får du starta så snart det er ledig plass. Treng du transport for å nytta deg av tilbodet, er det lagt til rette for det.
Prisar
Eigenbetaling kan variera for dei ulike dagsentra. Kommunestyre fastset årleg eigenbetalinga.
Kva skjer vidare?
Når søknad er motteken, avtaler vi snarast eit heimebesøk. Du må gjerne ha med deg pårørande i møte.
Klage
Du kan klaga på vedtak om dagaktivitetstilbod. Nærare informasjon om vilkår for klaga vert sendt ut saman med vedtaket frå kommunen.
Lovar og reglar