Kven kan få tilbodet?
Aktivitetstilbodet MEMENTO inngår som del av handle- og kulturtilbodet TREFF+.
MEMENTO er spesielt lagt til rette for yngre og eldre personar som har utfordringar med hukommelse og/eller demenssjukdom. Pårørande er og hjarteleg velkommen.
Kva kan du få hjelp til?
Møteplassen er Baker Brun, der ein kan kjøpe kaffi og noko å spise om ein ønskjer det. Aktivitetar baserer seg på ulike fasilitetar på Sartor, t.d. handlehjelp, delta på Allsang+, demenskor, turar i nærmiljøet og anna. På biblioteket har vi aktivitetar som spilltime (ulike brettspel), og anna som biblioteket har å tilby, for stimulering av hukommelse.
Memento er ein møteplass med fokus på tryggheit og medmenneskelegheit, med målsetting om fine stunder i lag.
Tilbodet er vel etablert, med leiar Linda Baisotti, og faste frivillige. Alle med kompetanse på hukommelsessvikt.
Påmelding
Ta kontakt med demenskoordinator på telefon 911 14 110
eller Aksjonssenteret på telefon 55 09 70 00 for å melda deg på.
Prisar
Det er ingen månadleg kostnad, men du betaler sjølv for det du måtte ynskje å spise og drikke, og for eventuelle aktivitetar som du deltek på.
Samarbeid
MEMENTO er eit samarbeid mellom:
- Sartor Storsenter
- Baker Brun
- TREFF+
- Demensforeininga i Fjell, Sund og Øygarden
- Frivilligsentralen
- Øygarden kommune
Fotogalleri