Seniorsenter

Seniorsenter er eit ope tilbod til alle eldre og pensjonistar. Senteret vert driven av frivillige pensjonistar organisert gjennom eige driftstyre. Nye og gamle seniorar er hjarteleg velkomne både som deltakarar og som frivillige.

Tid | Stad

Seniorsenter er ope måndag til fredag frå kl. 11.00 til kl. 13.00. Du finn oss i 3. høgda på Sartor Storsenter. 

Program

Her er det tid til ein prat i fred og ro over ein kopp kaffi med vaflar til. Vi startar med quiz kvar onsdag. Bingo, trekkspel og utvida opningstid kjem etterkvart.

Vi treng fleire frivillige!

Ønskjer du å vera frivillig på Seniorsenteret på Sartor Storsenter?
Ta kontakt med Herborg Larsen
E-post: larsen.herborg@gmail.com
Telefon: 920 63 074