Demensteamet består av sjukepleiarar og ergoterapeut. Vi samarbeidar med koordineringssenter, fastlegar og anna helsepersonell i kommunen.
Hukommelsesproblem?
Lurer du på om nokon av dine næraste eller nokon du kjenner har hukommelsesproblem?
- Alle gløymer frå tid til anna, men hukommelsesproblem åleine er ikkje teikn på demens.
- Tidleg utgreiing og diagnostisering er viktig slik at rette tiltak vert sette i verk brukar og pårørande.
Kva er demens?
Demens er ein fellesnemning på hjernesjukdomar som fortrinnsvis opptrer i høg alder. Tilstandar som kan føra til demens er Alzheimer, sjukdomar i blodkaret i hjernen, infeksjonar og svulstar i hjernen, alvorlege hovudskadar og Parkinsons sjukdom.
Teikn på demens
- Hukommelsessvikt – spesielt for nyare data
- Sviktande språkfunksjon, for eksempel: ordleiting
- Personlegdomsendring
- Angst og depresjonar
- Problem med å utføra praktiske handlingar
- Tap av initiativ
- Manglande evne til å gjenkjenna gjenstandar
- Desorientering når det gjeld tid og stad
Kva kan du få hjelp til?
- Utgreiing; kartleggja om problemet skuldast demens
- Gje råd og rettleiing
- Gje oversikt over tenestetilbod frå pleie- og omsorg, samt andre lågterskeltilbod i kommunen
- Tilrettelegging i daglege aktivitetar (inkludert hjelpemidlar)
- Oppfølging
Vi kjem på heimebesøk etter ønske frå brukar sjølv eller pårørande.
Sist endra 16.02.2022 10.19