Pårørande til personar med demens

Her finn du nyttig informasjon til deg som pårørande til personar med demenssjukdom.

Kurs

Ny dato for kurs kjem.

Samtalegruppe - ein møteplass for pårørande

Denne våren tilbyr Øygarden kommune samtalegruppe i samarbeid med ConnectDem, ei ideell verksemd med eit relasjonsbasert program for pårørande ved demens. Gjennom undervisning om ulike tema og reflekterande samtalar set vi søkelyset på det å leva i ei uviss livssituasjon.

Tema som vert belyst:

  • Korleis navigere enklare i ei uviss situasjon
  • Dilemma, vanskelege val og dårleg samvit
  • «Å mista seg sjølv»: identitet og endra roller
  • Redsel, frykt og sorg – korleis finna fotfeste igjen
  • Korleis balansera det å ta vare på seg sjølv og andre involverte

Dato | Tid | Stad

Oppstart tysdag 22. april kl. 18.00 - 19.30 | Øygarden lokalmedisinske senter, kurslokale 2. etasje

Pris

Uforpliktande og kostnadsfritt dei første to gongene.
Eigendel: 250,- for heile programmet.

Ta kontakt for spørsmål og påmelding:

Alexandra Vik
Telefon: 909 59 396
E-post: alexandra@connectdem.no
Nettside: www.connectdem.no

Logoen til ConnectDem - Klikk for stort bilete

Hege Tveit
Telefon: 911 14 110
E-post: hege.tveit@oygarden.kommune.no

Les brosjyre her (PDF, 243 kB) (pdf).

Nyttige lenkjer