Fontenehuset Bergen

I eit lite oransje trehus i Skuteviksbodene er Fontenehuset seg. Fontenehuset er eit arbeidsfellesskap for alle som har eller har hatt psykiske helseutfordringar.

Medlemskapet er gratis og ein kan komma og gå når ein sjølv ønsker det. Dagane på fontenehuset består i at medlemmene utfører praktiske gjeremål som f.eks matlaging, kontorarbeid og renhold.

Målet er å la menneske med psykiske helseutfordringar ha noko å gå til og å kunna vera aktive i eit sosialt fellesskap. Her blir det fokusert på det friske i mennesket og på mestringsopplevelsen ved å utføra arbeidsoppgåver.

Dei som går dit er ein del av eit arbeidsfellesskap og kallast derfor "medlemmer" og ikkje "brukarar". For nokre medlemmer er målet å komma seg ut i jobb eller studiar, andre treng ein stad å gå til for å føla at ein har kontroll over eigen sjukdom og kvardag.

Kontakt oss

Telefon: 976 38 710
Besøksadresse: Skuteviksboder 11, 5035 Bergen
Nettside