Satsing og tiltak
Leva heile livet er ei kvalitetsreform for eldre som har fokus på at eldre skal meistra livet i eigen heim, skapa tryggleik og kunna ha ein aktiv og meiningsfull kvardag.
Kva er førebyggjande heimebesøk?
Ei oppsøkjande rådgjevingsteneste til heimebuande som ikkje allereie mottek tenester frå heimesjukepleien.
Målgruppe
Alle heimebuande over 75 år kan ta kontakt med oss for heimebesøk. Det er frivillig å ta imot tilbod og du har høve til å ha med deg pårørande eller andre i besøket. Dersom du er yngre enn dette kan tilbodet også gjelde for deg dersom du har ei utfordrande heimesituasjon.
Beste årgang
Det året du blir 77 år, får du ein invitasjon til felles lokal samling med førebygging og helsefremming som tema.
Tema i samtalen kan vera:
- Kva er viktig for deg?
- Trivsel, nettverk og nærmiljø
- Bustad, brann og fallførebygging
- Aktivitetar og deltaking på fritida; Kva tilbod finst for deg i kommunen?
- Aktuelle råd om helsefremjande og førebyggande tiltak
- Tryggleik og meistring i kvardagen
- Velferdsteknologi
- Livstestament
- Involvera andre tenester eller vidare oppfølging ved behov og ønske
Sjukepleiar har teieplikt.
Pris
Tilbodet er gratis.
Kontakt oss
Ta gjerne kontakt dersom du ønskjer meir informasjon!
Telefon: 915 34 492
E-post: hanne.hjortland@oygarden.kommune.no
NB! Ikkje bruk e-post til sensitive opplysningar
Satsing og tiltak
Leva heile livet er ei kvalitetsreform for eldre som har fokus på at eldre skal meistra livet i eigen heim, skapa tryggleik og kunna ha ein aktiv og meiningsfull kvardag.
Nasjonale føringar og lovverk
Helse og omsorgstjenestelova § 3-3. Helsefremmende og forebyggende arbeid; «Kommunen skal ved ytelse av helse og- omsorgstjenester fremme helse og søke å forebygge sykdom, skade og sosiale problemer. Dette skal blant annet skje ved opplysning, råd og veiledning».