
Målgruppe
Kurset er for personar over 18 år som har langvarig sjukdom, nedsett funksjonsevne, langvarig psykiske eller fysiske belastningar eller kreft. Pårørande kan og delta.
Kurset er for deg som ønskjer:
- Bli meir medviten om ulike verktøy for å ha gode kvardagar
- Oppdage og utvikle tru på eigne ressursar
- Møte andre som lever med helseutfordringar
- Moglegheit for å dele eigne erfaringar
Innhald
Kurset har 5 samlingar på 2 timar over ein periode på 1,5 - 2 månader. Tema for samlingane er:
- Kvardagsglede
- Tankens kraft
- Tilstade i eige liv
- Tru på eigne ressursar
- I balanse
Vi jobbar med desse tema på ulike måtar og du vil få moglegheit til både å høyre, snakke, reflektere og øve i gruppa.
Omfang/kursdaoar
Kurset blir heldt to gonger i året med oppstart på hausten og på våren.
Sjå meir informasjon om samlingane i kurskalenderen. Ta kontakt med oss om du ikkje finn informasjon om neste planlagte kurs.
Pris
Kurset kostar kr. 200 som inkluderer kursmateriell.
Påmelding
Du kan melde deg på direkte til Friskliv og Meistring på e-post Frisklivogmeistring@oygarden.kommune.no eller på telefon 55 09 68 50.
Ikkje oppgi sensitiv informasjon på e-post.
Din fastlege kan også tilvise til oss ved å fylle ut Frisklivsresept.
Arrangør
Friskliv og meistring
Kurskalender
Kurs- og aktivitetskalender