Målgruppe
Kurset er for deg som ønskjer:
- Motivasjon til å gjera endringar
- Å blir meir medviten eige kosthald og aktivitetsvanar
- Oppdage og utvikle tru på eigen endring
- Finne val som passer for deg
- Å treffe andre som har gjort endringar for betre helse og høyre deira erfaringar
- Gjere endringar saman med andre
Innhald
Kurset har seks heildagssamlingar. Tema for samlingane er:
- Å bestemme seg for endring
- Smart mat for god helse
- Tankens kraft
- Oppmerksam og tilstade i eige liv
- «Fordi det er eit feitt»
- Vegen vidare med nye vanar
I samband med kurset er det tilbod om trening to gongar i veka, i seks månader. Det er kondisjonstrening ute i idrettsparken ved Sotra Arena, og styrketrening inne i sal (Sotra Arena). Éin gong i månaden går vi på ulike turar i staden for kondisjonstreninga. Det er høve for å starte opp i treningsgruppene før kursoppstart etter avtale.
Omfang/kursdatoar
Kurset blir heldt to gonger i året med oppstart på hausten og på våren.
Sjå meir informasjon om samlingane i kurskalenderen. Ta kontakt med oss om du ikkje finn informasjon om neste planlagte kurs.
Pris
Kurset kostar kr 600 som dekker lunsj, kursmateriell og deltaking på trening to gongar i veka i seks månader.
Påmelding
Du kan melde deg på direkte til Friskliv og Meistring på e-post Frisklivogmeistring@oygarden.kommune.no eller på telefon 55 09 68 50.
Ikkje oppgi sensitiv informasjon på e-post.
Din fastlege kan også tilvise til oss ved å fylle ut Frisklivsresept.
Du blir kontakta for ei helsesamtale i forkant av kurset. Dersom vi ser at du har behov for eit anna tenestetilbod, gjev vi deg nødvendig informasjon.
Arrangør
Friskliv og meistring.
Kurskalender
Kurs- og aktivitetskalender