MediYoga

MediYoga er ein moderne yogaform, utvikla særleg for terapeutisk bruk. Denne form for yoga har fokus på pust, meditasjon og enkle fysiske øvingar. Dette kan skape ro, fokus og konsentrasjon som gir auka nærvær. Øvingane gjer ein på matte eller sittande på stol. MediYoga har dokumentert effekt på ulike helseutfordringar og nyttast i deler av det norske helsevesenet.

Kurset går over 6 gongar og ein må vere med frå starten av. Kurset blir halden av fysioterapeutar som har MediYoga-sertifisering. 

For å delta treng du godkjend plass etter avtale. 

Kontakt

For spørsmål kontakt oss på telefon 55 09 68 50 eller send e-post til Frisklivogmeistring@oygarden.kommune.no

Pris

Kurset kostar kr 250,-.Betaling via Vipps eller kontant betaling i resepsjonen på Straume Terapisenter når du har godkjend plass på treningstilbodet.