Eit tilbod for deg som treng motivasjon og rettleiing til å kome i gong med trening, og som har behov for fysisk aktivitet for betre helse. Enkel uthald- og styrketrening i sal med effektive øvingar. Treninga blir leia av fysioterapeut som tilpassar øvingane ved behov.
Treninga finn plass tre gonger i veka;
- tysdagar i treningssal i Hjeltefjorden Arena
- torsdagar i treningssal på MOVA Skogsvåg
- fredagar i treningssal på Straume Terapisenter
Treningstilbodet gjer plass på trening éin av desse dagane.
For å delta i gruppa treng du godkjend plass etter avtale, og oppstart må skje i samråd med helsepersonell ved Friskliv og Meistring.
Kontakt
Har du spørsmål, ta kontakt med oss på telefon 55 09 68 50 eller send e-post til Frisklivogmeistring@oygarden.kommune.no
Pris
Treningstilbodet kostar kr. 100,- per månad. Betaling via Vipps eller kort/kontant betaling i resepsjonen på Straume Terapisenter når du har godkjend plass på treningstilbodet.
Sist endra 25.10.2024 11.04