A-larm

 A-larm Noreg er ein landsdekkande brukar- og pårørandeorganisasjon innan rusfeltet. Vi er eit supplement til offentlege tenester med tilbod til heile familien. Vi er tilgjengelege for samtalar i lokala våre eller på telefon.Vi jobbar for openheit om rus og behandling.

Vi har fokus på den enkeltes moglegheiter og ressursar, og ønsker å bidra til at ein kan få meir innsikt og betre livskvalitet.

Vi jobbar for at brukarar og pårørande kan bygga nettverk i eit rusfritt miljø.

A-larm driv førebyggande arbeid gjennom utadrettet informasjonsverksemd, og samarbeider med andre organisasjonar og det offentlege tenesteapparatet.

Vi bidrar gjerne med informasjon, kunnskap og erfaringar. Vi arbeider for å påverka korleis ein som bruker eller pårørande blir møtt av samfunnet.

På nettsida til A-larm finn du meir informasjon