Terapibasseng (Straume)

Vi tilbyr trening i varmtvassbasseng. Bassenget har ein gjennomsnittstemperatur på 33,9 grader. Det er 12,5 meter langt og er utstyrt med boblebad, massasjebenk, massasjedyser, vannmassasjestråle, motstraumsanlegg. Det er tilgang til badstue (85 grader).

Bassenget er tilrettelagt for funksjonshemma med velutstyrt handikapgarderobe.

Behandling/trening i vatn kan fremja fysisk funksjon og lindra smerter ved ei rekke funksjonsvanskar. Oppdrift frå vatnet gjer at ein kan bevega seg lettare og med mindre smerte. Motstand i vatn gjev effektiv trening.

Oversikt over eigentrening

Oversikt over gruppebehandlingar

Påmelding

Plass kan du bestilla i resepsjon telefon: 55 09 68 50
E-post: terapibassengstraume@oygarden.kommune.no

Opningstid

Terapibassenga følgjer skuleruta til skulane i Øygarden kommune og er stengt i ferier og helligdagar. 

Pris

  • Same pris som for fysioterapeut med driftstilskot. Vurdering: takst A1a. Bassengtrening: takst C34d + C34g. Har du frikort 2 er tilbodet gratis.
  • På nettsida til Helfo finn du informasjon om egenandelstaket for frikort.

Du betalar per gong.

Søk om bruk av Straume terapibasseng

Lag og organisasjonar i Øygarden kommune som har deltakarar med helseutfordringar eller behov for trening i varm vatn kan sende søknad for leie av terapibasseng. Elektronisk skjema

Offentleg bading

Her finn du informasjon om offentleg bading