Brukarstyrt personleg assistanse (BPA)

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er ein måte å organisera praktisk og personleg bistand på, for personar med stort hjelpebehov i dagleglivet. 

BPA er ein av fleire måtar å organisera helse -og omsorgstenester. Utgangspunktet for vurdering er på lik linje som andre søknadar om helse -og omsorgstenester. 

Rettane til dette omfattar også avlastingstiltak for personar med foreldreansvar.

Dersom kommunen vurderer bistandsbehovet til brukarar til minst 32 timar per veke, og andre formelle vilkår er oppfylt, vil vedkomande i utgangpunktet ha rett til teneste organisert som BPA. 

Timetalet ved BPA skal i utgangspunktet vera det same som om tenesta ikkje var organisert som BPA. Retten til BPA påverkar i utgangspunktet ikkje utmåling av teneste til brukaren. Det vert mellom anna nytta kartleggingssamtale og relevante skjema, døgnklokke og medisinske opplysningar for å vurdera rett til tenester.

Kven kan få tilbodet?

Du må vera under 67 år for å kunna ha rett til å få organisert teneste som BPA. 

Kva kan du få hjelp til?

Assistentar gjev personleg og praktisk hjelp i kvardagen ut frå hjelpebehov.

I ei BPA-ordning må det vera eín arbeidsleiar. Om du ikkje kan vera arbeidsleiar sjølv, kan rolla takast i vare av ein medarbeidsleiar.  

Du er med på å avgjera kven som skal vera assistenten din. Kommunen er ansvarleg for å følgja opp kvaliteten på tenesta. 

Søk

Søk om BPA ved å bruka søknadsskjema for helse- og omsorgstenester. Skriv om behova dine for hjelp.

Søk om brukarstyrt personleg assistanse (PDF, 202 kB)

Utfylt og signert skjema skal sendast til:
Øygarden kommune
Ternholmvegen 2
5337 Rong

Søknadsfristar

Søknader vert behandla fortløpande. Når søknad er motteken, avtalar vi eit heimebesøk for kartlegging av behova dine. Du må gjerne ha med pårørande eller annan tillitsperson i møtet.

Pris

Samla inntekt for husstanden dannar grunnlag for kor mykje du må betala for delen av tenesta som er praktisk bistand, hushald. 

8.1 Eigenbetaling for praktisk bistand (heimehjelp)
Pris 2024 pr. mnd
Intill 2G Etter forskrift
2G - inntil 3G 900
3G - inntil 4G 1 845
4G - inntil 5G 2 740
5G og over 3 655
Maks timesats 355

Klage

Du kan klaga på vedtak om BPA. Nærare informasjon om vilkår for klage vert sendt ut saman med vedtaket frå kommunen.

Lovar og reglar

Det vert tatt utgangspunkt i helse- og omsorgstenestelova og pasient- og brukarrettigheitslova. Forvaltningslova ligg til grunn for all offentleg forvaltning.

Om tenesta vert innvilga, vert det teke utgangspunkt i rundskriv I-9/2015, Rettigheitsfesting av brukerstyrt personlig assistanse (BPA).

Øygarden kommune
Telefon 56 16 00 00