Omsorgsstønad

Pårørande som yter særleg tyngjande omsorg i heimen, kan søkje om omsorgsstønad. Målet er at familien kan halda fram å ha omsorga for sine næraste.

Krav til søkjar

  • Den pleietrengande må bu heime
  • Omsorgsarbeidet må verta vurdert som særleg tyngjande og gjelda nødvendige oppgåver
  • Både brukar og helse- og velferd må vurdera om omsorgsstønad er det beste alternativet, eventuelt saman med andre hjelpetiltak.

Om du ikkje har søkt om hjelpestønad frå NAV, må du søkja om dette samstundes.

Tenk over dette før du søkjer:

  • Arbeider du mange timar i veka med omsorgsarbeidet?
  • Er arbeidet meir fysisk eller psykisk belastende enn vanleg?
  • Inneber omsorgsarbeidet mykje nattarbeid eller avbrot i nattesøvn?
  • Er det behov for omsorgsarbeid i perioder eller heile tida?
  • Fører omsorgsarbeidet til sosial isolasjon og mangel på ferie og fritid?
  • Er det snakk om omsorg for meir enn ein person?

Kva får du?

  • Eit fast beløp kvar månad som ei godtgjering for nokre av timane du bruker på pleie- og omsorgsarbeid i heimen
  • Kontrakt med opplysningar om tal timar, timeløn og andre vilkår.

Slik søkjer du

Søk om omsorgsstønad (PDF, 202 kB)

Utfylt og signert skjema skal sendast til:
Øygarden kommune
Ternholmvegen 2
5337 Rong

Søknadsbehandling

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn. Når søknad er motteken, avtalar vi snarast eit heimebesøk for kartlegging av behova dine og ønske. I vedtaket vil det koma fram om søknaden vert innvilga eller ikkje. Det er eit krav at det er søkt om hjelpestønad frå NAV.

Kommunen har plikt til å behandla saka så snart råd er. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du ha skrifteleg svar på årsaka til dette med opplysningar om kva tid ein meiner at vedtaket vert fatta.
I vedtaket vil det koma fram om søknaden vert innvilga eller ikkje.

Kva skjer vidare?

Etter at du har søkt besøkjer vi deg for å vurdera situasjonen og avklara kva oppgåver du utfører. Deretter gjer vi ei vurdering av kor mange arbeidstimar i veka du eventuelt kan få godtgjersle. Omsorgsarbeid vert ikkje løna time for time.

Klage

Du kan klaga på vedtak om omsorgsstønad. Nærare informasjon om vilkår for klage vert sendt ut saman med vedtaket frå kommunen.

Lovar og reglar

Koordineringssenteret
Telefon 56 16 15 60