Velferdsteknologi er ein felles nemning på tekniske installasjonar og løysingar som kan betre den enkelte sin evne til å klare seg sjølv. Velferdsteknologi kan også fungere som teknologisk støtte til pårørande og elles bidra til å forbetre tilgjengelegheit, kvalitet på tenestetilbodet og at ressursane utnyttast betre.
Dørsensor
Dørsensor blir festa på ytterdører og gir alarm ved opning av døra innafor oppsett tidsrom. Du kan søkja om dette dersom det til dømes er fare for at du går ut om natta og ikkje finn tilbake til heimen.
Sengesensor
Sengesensor er ei matte som ligg i senga di og varslar om du står opp om natta og ikkje kjem tilbake i senga innafor eit angitt tidspunkt. Dette er eit hjelpemiddel for deg som ofte står opp om natta og samtidig har høg risiko for å falla.
Stolsensor
Stolsensor er ei matte som ligg i stol. Gir alarm dersom du reiser deg frå stolen og ikkje kjem tilbake innafor eit angitt tidspunkt. Stolsensor er eit hjelpemiddel dersom du har stor risiko for å falla.
Her finn du søknadsskjema for dørsensor, sengesensor og stolsensor (PDF, 354 kB)
Dette er ein dosett eller dispensar for multidoseposar som varslar når det er tid for å ta medisin.
Dersom medisinen ikkje blir tatt, går det eit varsel til helsepersonell eller pårørande.
Løysinga kan vere bra for deg som tar medisinar fleire gongar om dagen, kan gløyme å ta medisinen eller risikerer å ta dei til feil tid.
Her finn du søknadsskjema for medisindispensar (PDF, 354 kB)
Ved spørsmål ta kontakt med Aksjonssenteret på telefon 55 09 70 00
Bilete
Publisert 10.01.2025 12.31