Den som har varig skade, sjukdom eller nedsett funksjonsevne kan ha behov for hjelpemiddel. Hjelpemiddel kan vere med på å kompensera for nedsett funksjon, bidra til å oppretthalde funksjon og auka meistring og deltaking i eige kvardagsliv.
Kortvarig behov
Ved kortvarig behov for hjelpemiddel kan ein låne frå kommunalt hjelpemiddellager.
Varig behov
Ved varig og vesentleg nedsett funksjonsevne kan, kommunalt personell som til dømes, ergoterapeut, fysioterapeut, PPT eller heimetenesta hjelpe deg med å skrive søknad til NAV – Hjelpemiddelsentralen.
Opningstider
Hjelpemiddellageret er ope måndag til fredag kl. 08.00 - 15.00
Det er mogleg å gjera avtale utanom opningstid ved behov.
Dersom ein treng store hjelpemiddel som ein ikkje får plass til i personbil, kan ein gjere avtale om utkøyring.
Kontakt
Telefon: 55 09 68 50
Adresse: Blombakkane 7, Straume
Pris
- Mindre hjelpemiddel, som til dømes strømpepåtrekker og gripestang kjøper ein sjølv.
- Kommunen dekkjer utlån ved kortare behov og har til dømes dusjstol og toalettforhøyar til utlån.
- Det er eigenandel ved enkelte hjelpemiddel, mellom anna krykkjer.
- Hjelpemiddel ved varig behov blir dekt av folketrygda, viss ein får søknaden innvilga. Det kan kome eigenandel på enkelte ting, som hjelpemiddel til sport og aktivitet for vaksne over 26 år og ved tilrettelegging av bustad.
- Møbler og anna frå vanleg handel skal alltid vurderast før ein søkjer om hjelpemiddel.
Hjelpemidlar frå korttidslageret
- Dusjstol
- Arbeidsstol/kontorstol
- Krykkjer - depositum
- Manuell rullestol
- Rullator
- Toalettforhøyr med og utan armlene
Tilpassing/opplæring i bruk av hjelpemiddel vert gjort av personell i kommunen.
Ansvar ved lån
Den som låner tekniske hjelpemidlar har sjølv ansvar for å:
- Å få nødvendig opplæring
- Føreta vedlikehald som vask og ettersyn
- Levera tilbake hjelpemidla du ikkje treng lengre
- Gje beskjed om uhell og nesten ulukker
- Reparasjon (ta kontakt med Straume terapisenter)
Lese meir
Sist endra 13.02.2025 11.06