Kikhostevaksine til gravide
Frå mai 2024 får gravide tilbod om å ta kikhostevaksine. I Øygarden kommune kan ein få vaksinen på helsestasjonen hjå jordmor eller hjå fastlegen.
Ill. ColourboxFrå mai 2024 får alle gravide tilbod om kikhostevaksine i veke 24 av svangerskapet. No ved oppstart gjeld tilbodet for alle som er gravide i veke 24 eller har kome lengre i svangerskapet.
Tilbodet vert gjeve som del av det nasjonale barnevaksinasjonsprogrammet, og er gratis for den gravide.
- Det er godt dokumentert at denne vaksinen er nyttig for å førebyggje alvorleg sjukdom hjå spedborn, og det er også godt dokumentert at vaksinen er sikker. Vi oppfordrar alle gravide i kommunen om å ta i mot dette tilbodet, seier smittevernoverlege Bjørg T. Møllerløkken. Ho legg til at tilfelle med kikhoste har vore aukande det siste året.
Kvifor bør gravide ta kikhostevaksine?
- Kikhoste er ein luftvegsinfeksjon som kan gjera små barn alvorleg sjuke.
- Sjukdomen er farlegast for uvaksinerte barn under 1 år.
- Vaksinasjon i svangerskapet vernar barnet ditt mot kikhoste frå fødsel og fram til barnet får første vaksinedose ved 3-månaders alder.
- Kikhostevaksinen vert tilboden gravide i store delar av verda, og gjev spedbarn godt vern mot kikhoste.
Korleis verkar vaksinen?
- Gravide som tek vaksine lagar vernande antistoff.
- Antistoffa vert overførte vidare til barnet i magen.
- For at barnet skal få vern må du få vaksine medan du er gravid – uansett når du fekk førre vaksine mot kikhoste.
Under og etter vaksinasjon
- Vaksinen vert tilrådd ved svangerskapskontrollen i veke 24 hos jordmor eller hos fastlegen.
- Vaksinen blir gjeven med eitt sprøytestikk i overarmen.
- Det er vanleg å få litt vondt på stikkstaden ein kort periode.
- Enkelte får feber, vondt i musklane og kjenner seg litt sjuke eller utmatta, dette er forbigåande og milde symptom.
- Det er ikkje vist at barn får biverknader når mor blir vaksinert mot kikhoste i svangerskapet.
- Kontakt helsepersonell dersom du har spørsmål eller er bekymre for plager/sjukdom etter vaksinasjon.
Sist endra 02.05.2024 18.13