Kvar kan ein ta koronavaksine?
- Fastlegane i kommunen
- Vitusapotek Sartor Storsenter tysdag og fredag
- Boots apotek Sartor Storsenter – inngang ved Bunnpris
- Apotek 1 Sund Senter
- Ditt apotek Sund apotek
- Drop-in på helsestasjonen på helsehuset i Sund/Skogsvåg onsdag 23. og fredag 25. oktober kl. 09.00 - 14.00 begge dagar. Ingen timebestilling, ventetid må påreknas.
Pris
Koronavaksinasjon er gratis.
Grupper som er tilrådd påfyll med koronavaksinen
- Aldersgruppa 65 år og eldre, og sjukeheimsbebuarar
- Aldersgruppa 18-64 år som inngår i ei risikogruppe
- Aldersgruppa 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom
- Aldersgruppa 5-11 år med alvorleg grunnsjukdom etter individuell vurdering av lege
- Gravide i 2. og 3. trimester
På nettsida til FHI finn du meir informasjon om risikogrupper og råd til personer med risiko for alvorlig forløp av luftveisinfeksjoner.
Barn og unge under 18 år vert ikkje vaksinert på apotek, ta kontakt med fastlegen for dette. Barn og unge under 16 år må ha skriftleg samtykke frå begge føresette med foreldreansvar for å kunne få vaksinen, skjema finn de her:
Samtykkeskjema 6 mnd - 4 år | Samtykkeskjema 5 - 15 år
Folkehelseinstituttet tilrår ikkje lenger grunnvaksinering mot Covid-19 til personar under 65 år som ikkje har nokon underliggjande risikofaktorar.
Det kan vere andre årsaker enn reint medisinske som ligg til grunn for at enkelte har eit behov for ny oppfriskingsdose utover dei tilrådde gruppene som står i lista over. Dette kan vere grunna reise, studieopphald, familiær situasjon eller andre forhald. Denne gruppa kan kontakte fastlege og får ikkje tilbod på apotek.
Korona
- Personar i aldersgruppa 65 år og eldre, og sjukeheimsbebuarar
- Personar i aldersgruppa 18–64 år som inngår i ei risikogruppe
- Ungdom i aldersgruppa 12-17 år med alvorleg grunnsjukdom
- Barn 6 månader - 11 år med alvorleg grunnsjukdom dersom lege vurderer dette som viktig
- Gravide i 2. og 3. trimester. Vaksinasjon i 1. trimester kan vurderast dersom den gravide har tilleggssjukdommar som gir ytterlegare auka risiko
Influensa
- Personar i aldersgruppa 65 år og eldre, og sjukeheimsbebuarar
- Personar i aldersgruppe 6 månader–64 år som inngår i risikogruppe
- Gravide i 2. og 3. trimester. Vaksinasjon i 1. trimester kan vurderast dersom den gravide har tilleggssjukdommar som gir ytterlegare auka risiko
- For tidleg fødde barn, særleg barn fødd før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månader (kronologisk alder) til 5 år
- Helsepersonell med pasientkontakt
Vaksinetype og intervall
Det er den oppdaterte vaksina Comirnaty Omicron JN.1 som tilbydast no i haust.
FHI tilrår at det går minst seks månader mellom vaksinedosene , og tre månader etter gjennomgått koronainfeksjon før ein tek koronavaksine.
Ein kan ikkje ta vaksinen dersom ein har pågåande infeksjonssjukdom med feber over 38 °C, eller er allergisk mot innhaldet i vaksinen.