Flyktningar, asylsøkjarar og andre personar frå land med høg førekomst av tuberkulose, og som skal opphalda seg i Noreg i meir enn tre månader, har plikt til å gjennomgå tuberkuloseundersøking innan 14 dagar etter innreise. Det inneber IGRA test (blodprøve) og/eller lungerøntgen, etter gjeldande retningslinjer.
Om undersøkinga
Vi testar deg for tuberkulose ved hjelp av ein hudtest eller ein blodprøve. Vaksne (15 år og eldre) skal i tillegg ha røntgenundersøkelse av lungene. Dersom du er arbeidssøkjar eller student utanom helse/omsorg skal du berre ha røntgenundersøkelse av lungene.
Les meir om kva land som har høg forekomst av tuberkulose
Pris
Det er gratis å testa seg for tuberkulose.
Sist endra 20.10.2020 11.01