Kvardagstenester

Her får du ei oversikt over private leverandørar som Aksjonssenteret har inngått avtale med. Pris varierer, nokre med honnørrabatt.

Fotokollage med bilete frå ulike private tenester - Klikk for stort bilete

Oversikt over tilbod

Samarbeidsavtalar

Øygarden kommune har over mange år samarbeidd med seniorar, privat og frivillig sektor om utvikling av tenester som kan medverka til at eldre kan bu og trivast lengre heime. Aksjonssenteret gjer ei grundig vurdering av sine leverandørar og innhentar naudsynt dokumentasjon som politiattestar og teiefråsegn. Tenestene sikrast såleis på kvalitet og tryggleik. 

Ønskjer du å inngå samarbeidsavtale med Aksjonssenteret, ta gjerne kontakt med oss.

Aksjonssenter
Telefon 55 09 70 00


Telefontid:
Måndag-fredag 08.00-15.00

E-post:
aksjonssenteret@oygarden.kommune.no

Ved akutt hjelp ring:
Legevakt 116 117 eller
medisinsk nødhjelp 113.

Adresse

Blombakkane 77,
5354 Straume