Aksjonssenteret som er lokalisert ved Øygarden lokalmedisinske senter, har som hovudoppgåve å leggje til rette for ulike tilbod som kan auke trivsel og tryggleik for seniorar/eldre som bur heime. Saman med private og frivillige aktørar, vil ein koordinere for ulike tilbod som møter innbyggjarne sine behov.
Kontakt oss for informasjon om tilgjengelege tilbod. Pårørande, naboar, helsepersonell og andre er også velkomen til å ta kontakt. Dersom du ønskjer ein samtale i våre lokale i Blombakkane, ring oss gjerne for å avtale tidspunkt på førehand.
Tilsette ved aksjonssenteret er helsepersonell med bakgrunn innan helsefremjande og førebyggande arbeid, og vil saman med deg prøve å finne løysingar som kan passe for deg.
Målgruppe
- Seniorar og eldre som bur heime og deira pårørande
- Andre som er i kontakt med målgruppa, samt helsepersonell
Kva kan du få hjelp til?
- Informasjon om aktivitet, kultur og treningstilbod
- Tips om korleis ein meistre kvardagsutfordringar på best mogleg måte
- Tilbod om førebyggjande heimebesøk, der ein samtaler om tema som kan fremma helse, mestring og eit aktiv og sjølvstendig liv
- Kontakt med spisskompetanse innan demenssjukdom, kreft og velferdsteknologi
- Rådgjeving til pårørande, helsepersonell og andre som ønskjer oversikt over tilbod og moglegheiter
Samarbeidsavtalar
Øygarden kommune har over mange år samarbeidd med seniorar, privat og frivillig sektor om utvikling av tenester som kan medverka til at eldre kan bu og trivast lengre heime. Aksjonssenteret gjer ei grundig vurdering av sine leverandørar og innhentar naudsynt dokumentasjon som politiattestar og teiefråsegn. Tenestene sikrast såleis på kvalitet og tryggleik.
Aktivitetstilbod | Kvardagstenester
Sist endra 06.06.2024 12.43