Legevakt

Du finn legevakta i første etasje i Øygarden lokalmedisinske senter.

Legevakta ligg i Øygarden lokalmedisinske senter - Klikk for stort bilete

   

Kven skal du ringja når du treng hjelp?

  • Ring fastlegen din i opningstida. Fastlegen er hovudkontakten din inn i helsevesenet, og om det er mogeleg, bør du alltid ringja hit fyrst.
  • Legevakta 116 117 eller 56 31 43 70 når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan venta.
  • 113 ved livstruande skade eller sjukdom

Opningstider

Legevakta er open heile døgeret. Du må ringja legevakta før du kjem. Telefonen vert svart av sjukepleiar, som vil vurdera kor mykje situasjonen hastar og gje deg råd eller setja deg opp til time hjå legen.

Pris

Eigendel for konsultasjonar på legevakta, uansett når på døgeret, er statleg regulert. Vi ønskjer at du betalar med kort. Her finn du prisoversikt.

Du må også betala for materiell som vert brukt.

Kva kan vi hjelpa deg med?

  • Råd og rettleiing på telefon
  • Behandling av akutt skade og sjukdom
  • Ved mindre alvorleg skade eller sjukdom, vert du bli vist til din eigen fastlege
Legevakt
Telefon 116 117


Ring før oppmøte

Opningstider

Opningstid

Døgnope

Adresse

Blombakkane 77,
5354 Straume