Psykososialt kriseteam

Psykososialt kriseteam er ei tverrfagleg samansett gruppe av tilsette frå ulike arbeidsplasser i kommunen. Vi har kunnskap og erfaring i å bistå ved alvorlege hendingar, i form av psykososial og/eller praktisk bistand.

Kva tilbyr vi?

Psykososialt kriseteam bistår for ei kort periode ved større hendingar der det normale hjelpeapparatet ikkje strekk til. 

Kven kan få tilbodet?

Hjelpa vert i første omgang konsentrert rundt næraste familie og omgangskrets.

Korleis få tilbodet?

Har du behov for oppfølging etter ei hending (t.d. alvorlege ulukkar, katastrofar, brå dødsfall) skal du kontakte Sotra legevakt. Legevakten vil gjere ein vurdering, og aktivere psykososialt kriseteam om nødvendig.

Kva skjer vidare?

Når psykososialt kriseteam får varsla behov tek vi kontakt umiddelbart. Saman avklarar vi behov og følgjer opp. Vi kan aktivere andre instansar, om nødvendig. Vi følgjer normalt opp ved behov den første veka, og har rutinar for å sjekke ut korleis dei berørte har det 1 og 3 måneder etter hendinga. Dersam eit oppfølgingsbehov avdekkes kan vi bistå med å lose vidare til riktig instans.

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis.

Legevakt
Telefon 116 117


Ring før oppmøte