Bærekraftig bemanning og kompetanse
Bemanningsfaktoren på institusjonane i Øygarden kommune var noko høgare enn samanliknbare kommunar. Det er gjort eit stort stykke arbeid for å justere på arbeidstidsordningar, lengde på vakter, samarbeid mellom insititusjonar.
Ved å organisere arbeidet og arbeidstid på ein ny måte frå turnus 2025, vil Øygarden ha same bemanningsfaktorar som andre kommunar.
Tenestekatalog
Ein tenestekatalog beskriv alle våre lovpålagte tenester.
Innbyggar og pårørande vil få informasjon om kva dei kan forventa å få frå kommunen. Det vil også tydeleggjerast kva som ikkje er ei kommunal oppgåve.
Tydelighet på dette området er viktig fordi det er sterk vekst i behov for kommunale tenester.
Tenestekatalogen skal handsamast politisk tidleg i 2025. Lansering til innbyggarar er forventa i løpet av 1. halvår 2025.

Drop-in sjukepleiar
Kombinasjonsløysing der heimetenesta har kontakt med fjern-sjukepleiar. Tilbodet gjer høve til at ein sjukepleiar kan betene fleire innbyggjarar.
Heimetenesta er hjå brukaren, medan sjukepleiar er med på video eller telefon. I ein kommune med lange distansar vil dette vere eit viktig tiltak for å hanskast med auka behov for heimetenester.
Legejournal
Tekst kjem.