Øygarden skal i 2040 vere i stand til å levere bærekraftige og treffsikre tenester til dei som bur og oppheld seg i kommunen.
I 2023 bestilte Øygarden kommune ein gjennomgang av drifta innan helse & velferd frå PwC. Arbeidet vart gjennomført i tett samarbeid med leiarar, tillitsvalde og nykkelpersonar i kommunen. Evalueringa var ein del av grunnlaget for å gjera dei rette tiltak for å møta framtida sine behov innan helse og velferdstenester i Øygarden kommune.
Omstillingsprogrammet innan helse & velferd er oppretta for å gjennomføre prosjekter som fører til dei naudsynte endringar og effektar.
Eit program er ein struktur som gjer at vi kan gjennomføre fleire prosjekt og tiltak parallelt. Dei kan vere avhengige av kvarande, og må virka saman for å oppnå store endringar.
Sist endra 02.10.2024 13.56