Meistring av panikk

Kurs er over 2 t og blir gjentatt ca. kvar 4 veke. Oppbygginga av kurset er lik kvar kursdag, mens innhaldet vil kunne variere noko avhengig av kva kroppslege symptom man jobbar med.

Innhald

Kurset er basert på kognitiv terapi og har som føremål å:

  • Hjelpe deg å forstå kvifor du får panikkanfall
  • Gje deg mulighet til å utforske og overkomme dei kroppslege/mentale symptom du er redd for
  • Gje deg ein plan for korleis du kan jobba vidare med dette på eigahand

Du er velkommen til å delta på fleire kursdagar om du har behov for dette og har mulighet til det.

Målgruppe

Mennesker som nyleg har opplevd ett eller fleire panikkanfall og ønskjer hjelp til angstplagene. På dette kurset er også aktuelle faggrupper som betre ønskjer å forstå korleis man jobbar med angst, velkommen. Dette kan f.eks. vera; leger, lærarar eller helsesjukepleiar.

Typiske kjenneteikn ved panikkangst:

  • Frykt for kroppslege symptom som kvalme, svimmelhet, hjartebank, kortpustethet, m.m.
  • Katastrofetenkning som «eg kjem til å dø» «eg kjem til å svime av» «eg kjem til å bli sjuk», «eg kjem til å bli gal», «eg kjem til å miste kontroll», m.m.
  • Unngåing av stader, personar eller situasjonar - heilt eller delvis, og forsøk på å bremse/kontrollere angsten

Pris

Kurset er gratis.

Påmelding

Fyll inn og send inn søknadskjema

I tråd med helsepersonellova vil det bli ført journal på behandlinga som vert gitt på kurset.

Ved spørsmål

Ta kontakt med oss på e-post rph@oygarden.kommune.no eller telefon 469 49 904.

Velkommen!

I tråd med helsepersonelloven vil det bli ført journal på behandlinga som vert gitt på kurset. 

Kurs- og aktivitetskalender

Datoar for neste kurs finn du i vår kurs- og aktivitetskalender.

Klikk her for kursoversikt