Søk om oppfølging - Psykisk helse
Oppfølgingstenesta rus og psykisk helse gjev individuelt tilpassa hjelp og støtte til personar med langvarige og samansette behov for helsehjelp. Tilrettelegging for meistring og sjølvstendigheit.
Kven kan få tilbodet?
- Personar over 18 år
- Personar med moderate til alvorlege/langvarige psykiske lidingar
Kva kan du få hjelp til?
- Praktisk bistand/opplæring
- Koordinering av tenester; utarbeiding av individuell plan, ansvarsgrupper
- Samtalar/råd/rettleiing
- Ettervern
- Støtte og motivering for kvardagslege aktivitetar
- Hjelp/motivering til å finne jobb
- IPS, individuell jobbstøtte
- Kontakt med pårørande
- Fysiske aktivitetstilbod
Pris
Tilbodet er gratis.
Slik søkjer du
I søknadsskjema skriv du kva du søkjer. Dersom ein annan person sender inn søknad på vegne av deg, må du gje fullmakt.
Søknadsskjema for helse, omsorg og velferdstenester
Papirskjema
Papirskjema for helse, omsorg og velferdstenester (PDF, 354 kB)
Utfylt og signert skjema skal sendast til:
Øygarden kommune
Ternholmvegen 2
5337 Rong
Tenesta er vedtaksbasert.
Klage
Klage på vedtak kan sendast til Øygarden kommune innan 3 veker frå motteke vedtak. Søknaden din vert så vurdert på nytt. Dersom vedtaket vert endra, får du brev om dette. Dersom vedtaket ikkje vert endra, vert klagen sendt vidare til Statsforvaltaren med kopi til deg.
Lovar og reglar
Sist endra 07.04.2025 16.41