Søk Rask Psykisk Helsehjelp

Kva tilbyr vi?

Tilbodet er utarbeidd etter modellen Rask Psykisk Helsehjelp (RPH). I RPH-modellen er det sentralt å gje oppfølging på lågast mogleg nivå for at vi skal kunne hjelpe flest mogleg. Dei fleste får eit tilbod om kurs eller rettleia sjølvhjelp. Kva for tilbod som passar den einskilde søkjar og situasjonen han eller ho står i, vurderer vi i inntaksteam og saman med den som søkjer hjelp.

Vi har ikkje eit tilbod til dei som over lang tid har hatt utfordringar med å få kvardagen til å gå rundt, eller over lang tid (fleire år) ufrivillig har falt ut av arbeid. Då rådar vi å søkje spesialisthelsetenesta.

Rettleia sjølvhjelp

I tilbodet rettleia sjølvhjelp gjennomfører du korte modular over omlag 1-2 månader, 1 modul i veka. I tillegg får du oppfølging i form av ein kort samtale med behandlar (omlag 15 minutt), vanlegvis ein gong i veka. Samtalane har fokus på teknikkar og oppgåver frå modulane.

Her kan du lese meir om rettleia sjølvhjelp.

Dersom ein søkjar i hovudsak ønskjer eit samtaletilbod rår vi han eller ho å søkje hjelp frå andre instansar.

Nettverksmøte

Når kvardagen er utfordrande, treng ein støtte frå andre. Nettverksmøte er eit tilbod til deg som ønsker å samarbeide med familie og nettverk. To møteleiarar vil hjelpe med å legge til rette for ein open dialog der alle stemmer i rommet blir høyrt og tillagt like stor betydning. Du kan sjølv velje kven og kor mange som skal delta på møtet. 

Her kan du lesa meir om nettverksmøte

Kursoversikt

Kurs- og aktivitetskalender

Kven kan få tilbodet?

Målgruppa vår er innbyggjarar i kommunen i aldersgruppa frå 18 år og oppover, med milde til moderate psykiske helseplagar.

Dersom du har slite over lengre tid, og har problem med å fungera i kvardagen, så vil vårt tilbod og våre rammer mest sannsynleg ikkje passa deg. Då kan du ha rett til nødvendig helsehjelp i spesialisthelsetenesta, og kan få hjelp av fastlege til tilvising dit.

Korleis få tilbodet?

Dersom du ønskjer å få oppfølging hjå oss, kan du sende inn kontaktskjemaet vårt via knappen under: 

Søk rask psykisk helsehjelp

Pris

Tilbodet er gratis, forutan Frisk pust der ein betalar redusert pris for medlemskap i 2 månader hjå Aktiv365.

Kva skjer vidare?

Vi har inntaksmøte kvar tysdag, og du kan rekne med at vi svarar deg i løpet av ei eller to veker. Ved høgtider og feriar kan det ta noko lengre tid.

Om du av ein eller annan grunn ikkje får til å sende søknad til oss, eller du ønskjer å vite meir om tilboda våre, kan du ringe på telefon 911 87 826. Vi har ikkje noko sentralbord, men tek tlf innimellom andre gjeremål. Det gjer at du kanskje må ringe oss fleire gangar. Om vi ser du har ringt, prøvar vi å ringe deg  tilbake.