Innhald
Kurset går over sju gonger og innebere:
- 30 minutt trening på spinningsykkel eller 30 minutt enkel gruppetimetrening
- 45 minutt styrketrening eller 45 minutt yoga
- Servering av enkel lunsj og 45 minutters føredrag om korleis ta vare på eiga helse
(Det er ikkje naudsynt med noko erfaring frå trening for å delta og du vil få anledning til å prøve ut dei ulike treningstimane om du ønskjer).
På kurset får ein erfaring med å kjenne både på høg aktivering og på avspenning. Det er fokus på å finne ein god balanse mellom aktivitet og kvile, og finne tryggleik i at kroppen treng begge delar. Ein lærer ulike strategiar for å hjelpe seg sjølv til å kjenne igjen, anerkjenne og regulere vanskelege kjensler. Det overordna målet er å bidra til auka evne til å meistre stress og belastningar, gjennom erfaring med å ta godt vare på si eiga helse både fysisk og psykisk.
Målgruppe
- Har du «brent lyset i begge endar» og treng hjelp til å finne ein god balanse mellom aktivitet / prestasjon og restitusjon / kvile?
- Treng du hjelp til å finne att overskudd, energi og livsgnist?
- Er du hjertefrisk, men likevel uroleg for om hjertet ditt kan tåle fysisk belastning?
- Ønskjer du å trene, men unngår det fordi du blir utrygg på deg sjølv saman med andre?
Informasjonsmøte
Det vert halde eit oppstarts- og informasjonsmøte måndagen før kurset startar. Møte finn stad i Aktiv365 sine lokale. Her vil du få treffe kurshaldarane og trenarane, du vil få omvising på treningssenteret og mogelegheit til å snakke med nokon om du treng tilrettelegging for treninga.
Ta med
- Treningsklede
- Drikkeflaske og ei liten handduk
- Evt det du treng om du vil dusje på Aktiv 365 etter gruppa
Pris
«Frisk pust» går over 7 gangar og kostar 598,- (299,- pr mnd i to mnd.) Summen betalast til Aktiv 365 ved første møte. Du får eit fullverdig medlemskap på senteret i to mnd. Det er ingen binding etter kurset. (Dersom du allereie har medlemskap betaler du ingenting ekstra).
Påmelding
Fyll inn og send inn søknadskjema
I tråd med helsepersonellova vil det bli ført journal på behandlinga som vert gitt på kurset.
Kurs- og aktivitetskalender
Datoar for neste kurs finn du i vår kurs- og aktivitetskalender.
Klikk her for kursoversikt