Stress mindre med mindfulness
Kurset går over seks dagar, to timer per gang. Kurset legg i hovudsak opp til trening gjennom praktiske øvingar. Dette fordi ein tenkjer at vi lærer best gjennom eigne erfaringar. Øvingane blir supplert med noko teoretisk undervisning.

Innhald
Kurset har som mål å gjere deltakaren meir bevisst på situasjonar og egne reaksjonar som løyser ut ubehag og stress. Trening på å ha fokus på kor merksemda vår er har vist å ha dokumentert effekt på stressrelaterte plager.
Med kurset forsøker vi å styrke den ibuande evna vår til merksamt nærvær. Merksamt nærvær kan definerast som auka merksemd på det som skjer i augeblikket med ei open, ikkje dømmande haldning.
Du trenger å ta med egen matte til øvingane på og gjerne eit pledd. Om du ønsker kan du også ta med deg ei pute. Lause kler kan være en fordel.
NB! Best utbytte av kurset blir det når deltakaren arbeider med øvingane på eigehand mellom kursdagane.
Målgruppe
Personar som opplevar stress i kvardagen og som ønskjer å utvide toleransen for det.
Pris
Kurset er gratis.
Påmelding
Fyll inn og send inn søknadskjema
I tråd med helsepersonellova vil det bli ført journal på behandlinga som vert gitt på kurset.
Evaluering av kurs
Her finn du evaluering av kurset Aksept for det som er
Kurs- og aktivitetskalender
Datoar for neste kurs finn du i vår kurs- og aktivitetskalender.
Klikk her for kursoversikt
Sist endra 17.12.2024 09.26