Studentar i praksis

Velkommen til praksis innan helse!

Bannerbilde - studentar i praksis - Klikk for stort bilete

Dette er ei nettside for deg som er: 

  • Student under utdanning i helse og sosialfaglege studiar ved høgskule eller høgare nivå 
  • Elev ved vidaregåande skule innan helse og oppvekst 
  • Tilsett ved samarbeidande studieinstitusjon 
  • Tilsett og leiar ved aktuelle praksisstudium i Øygarden kommune 

Praksisplass i Øygarden kommune 

Øygarden kommune har som mål  å vera ein ettertrakta praksisplass med godt omdømme, godt læringsmiljø og høgt læringsutbytte. Vi har jobba mykje med korleis vi tek imot studentar og synest sjølv vi har vorte gode på det. Derfor meiner vi også at du vil bli teke godt imot og kjem til å trivast her!

Hos oss har du høve til fagleg fordjuping i dei ulike fagområda; palliasjon, rus, psykiatri, geriatri, somatisk, psykisk utviklingshemming i alle aldersgrupper. Vi er opptekne av tverrfagleg tilnærming også for studentane.  

Vi har som mål å ha rettleiarar i same yrkesretning som studenten. 

Om Øygarden kommune 

Øygarden - eit fyrtårn i vest. Øygarden er ein trygg og god praksisarena.

Vi har ansvar for at det blir utdanna tilstrekkeleg helsepersonell med god kompetanse, derfor er du viktig for oss.  

Bli kjent med Øygarden kommune

Kontaktinformasjon 

Har du spørsmål - kontakt oss på: student@oygarden.kommune.no

Ver OBS! på at denne epost-adressa er for studentar på høgskule (ikkje vidaregåande elevar). Dersom du går på helsefagarbeidar-linje på vidaregåande skule og ynskjer praksisplass, er det skulen du går på som finn ein praksisplass til deg.

Praktisk informasjon 

Du vil få informasjon frå praksisplassen din, her er nokre retningslinjer:

  • Institusjonane og heimesjukepleien nyttar uniform 
  • Ta med eigna skotøy 
  • Forhøyr deg med praksisplassen om behov for yttertøy 
  • Bruk av tenestebil - må avtalast individuelt med praksisplassen og det vil bli krevd opplæring
  • Fråvær: Ta kontakt med studentansvarleg eller rettleiaren 

Etiske retningslinjer

Les dei etiske retningslinjene her.

Tverrfagleg hospitering 

Øygarden kommune tilbyr minst ein dag i praksisperioden der studenten kan få hospitere på ein annan tenestestad for å styrkja tverrfagleg kompetanse. Ta kontakt med studentansvarleg på praksisplassen for meir informasjon.  

Evaluering av praksisplass

Evalueringsskjema (PDF, 99 kB)

Nyttige nettsider

Vi ønsker deg ein god praksisperiode i kommunen vår!