Eigarskapsmelding

Eigarskapsmeldinga er eit politisk styringsdokument, og inneheld overordna prinsipp for eigarstyring og utøving av eigarskap i selskap som kommunen eig heilt eller delvis.

Maggesteinen på Algrøyna | Foto: Vera Molnes - Klikk for stort bilete

Øygarden kommune har direkte eigarskap i fleire verksemder som er organisert utanfor kommunen, enten som aksjeselskap, interkommunale selskap, kommunale føretak eller andre samarbeidsavtalar og stiftingar. Gjennom eigarskapsmeldinga vil kommunen gje tydelege og naudsynte styringssignal til desse selskapa, og tydeleggjera ansvaret hos dei folkevalde. Eigarskapsmeldinga inneheld også ei oversikt over kommunen sitt samla eigarskap.

Les eigarskapsmeldinga her

Politisk handsaming av eigarskapsmeldinga