Betalingsvanskar

Informasjon om du har problem med å betala dei kommunale rekningane dine.

Utsetjing/betalingsavtale for kommunal faktura

Betalar du ikkje ved forfall, kan du verta belasta for forsinkelsesrenter og gebyr. Dersom du framleis lar vera å betala, etter purring, vil fakturaen bli sendt til inkasso. Om saka ikkje løyser seg frivillig der, kan det verta aktuelt med rettslig inndriving. Dette kan innebera at du får betalingsanmerkning eller at namsmannen til dømes legg ned trekk i løn/ytingar eller tar pant i eigendelar.

For kommunale avgifter har vi i tillegg legalpant i eigedom som kan vurderast tvangsseld.

Har du problem med å betala i tide, er det viktig at du tek kontakt så tidlig som mogleg.

Send e-post til innfordring@oygarden.kommune.no

Slik søkjer du om utsetjing – kommunale krav

Om det ikkje er mogleg å betala fakturaen tide og du treng ei utsetjing, så ber vi om at du tek kontakt med oss.

Ta kontakt med Øygarden kommune, gjerne via ein e-post der du opplyser om kundenummer/fakturanummer og gje informasjon om det du lurer på. Alternativt kan du ta kontakt pr. telefon 56 16 00 00.

Send e-post til innfordring@oygarden.kommune.no

Treng du hjelp?

Har du stor gjeld til andre kreditorar i tillegg til Øygarden kommune, kan du søkja om gjeldsordning. Det er Namsmannen som kan rettleia deg og vurdera om du fyller vilkåra for ei gjeldsordning. NAV tilbyr også økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving