Fakturaadresse

Elektronisk faktura

Øygarden kommune ønskjer å motta faktura elektronisk i EHF format (org nr. 922 530 890). All nødvendig informasjon finst i ELMA. Eventuelle spørsmål kan sendast på på e-post.

Send e-post fakturamottak@oygarden.kommune.no

Om du ikkje har moglegheit til å senda faktura i EHF format, kan du og førebels senda faktura i pdf til fakturamottak@oygarden.kommune.no

På fakturaen må det vera oppgjeve eininga sitt namn/ansvarsnummer, leveringsadresse og bestillar sitt namn.

Faktura og vedlegg som vert sendt på på papir må være tydelege og lesbare, i A4 format og på kvitt papir utan raster og skraverte felt.

Unntak

Fakturaer som inneheld sensitiv informasjon skal ikkje sendes elektronisk eller til fakturamottak i kommunen, men på papir direkte til eininga som har bestilt vare og/eller teneste. Døme på dette er fakturaer frå barnevernsinstitusjonar og apotek.