Dokumentsenteret i kommunen er organisert med eit felles postmottak og arkiv for heile kommunen.
Dokumentsenteret har óg ansvar for dagleg drift og kvalitetssikring av kommunen sitt sak/arkiv system og fagsystem. Systema er med på å sikre at kommunen utfører oppgåver i samsvar med reglar for arkiv og offentlegheit. Samstundes som vi skal sikre ei ope forvaltning skal vi óg ta vare på våre innbyggjarar sin rettigheitsdokumentasjon.
Øygarden kommune har i hovudsak fullelektroniske arkiv. Papirdokument blir makulerte etter skanning. Kommunen er medlem av Interkommunalt Arkiv Hordaland og det meste av papirarkiva er deponert der.
Dokumentsenter er lokalisert på kommunedelsenter på Rong.
Offentleg journal
Øygarden kommune ønskjer at innbyggjarane skal ha høve til å følgje med på kva som skjer i kommunen vår og vi har postliste med fulltekstpubliserte dokument tilgjengeleg via innsyn.
Innsyn i offentlege dokument
Du har rett til å krevje innsyn i offentlege dokument. Alle saksdokument i kommunen er offentlege, dersom det ikkje er gjort unntak som er heimla i lov. Kommunen skal likevel vurdere om dokument som ikkje er offentlege, heilt eller delvis kan gjerast kjende (meirinnsyn).
Innsyn i personopplysningar
Korleis får eg innsyn i personopplysningane mine?
Du har rett til informasjon om kva for personopplysningar kommunen behandler om deg, og til kva formål kommunen behandlar desse opplysningane.
Arkivplan
Etter arkivforskrifta § 4 skal alle offentlege organ til ei kvar tid ha ein ajourført arkivplan som viser kva arkivet omfattar og korleis det er organisert. Arkivplanen skal visa korleis arkivfunksjonen er organisert, og kva slags instruksar, reglar og planar som er gjeldande for arkivarbeidet.
I Øygarden kommune sin arkivplan kan du lese meir om rutinar, ansvar/mynde, arkivbestand, avlevering/periodisering m.m.