Gründerløypa

Fleire tek kontakt med Vekstportalen sin servicetelefon med spørsmål retta mot det å starte eiga verksemd. På bakgrunn av innspela frå servicetelefonen har Vekstportalen avgjort å danne «Grynderløypa». Gründerløypa er til for å skulle gjere steget frå Idé til bedrift litt lettare for den enkelte. Ved å sjå nærare på stega i Günderløypa kan ein steg for steg sjå kva verksemda generelt manglar før ein set i gong med produksjon, eller presentasjon for ein investor.

  

Idé

Ein viktig forutsetning er at ein har god tru på eigen idé. Spørsmål å stille seg sjølv:

  1. Løyser idéen eit problem eller dekker den eit behov?
  2. Har kundane lyst til å kjøpe idéen (varen/tjenesten)?
  3. Kan idéen bli til ei verksemd?
  4. Kan idéen gjennomførast? Ein kan søke i Patentstyret sin søketjeneste etter varemerke, design eller patent. Her finn ein ut om andre har søkt eller fått innvilga rett i Norge til noko som ligner på din idé.

Forretningsidé

Forretningsidéen skal kort og konkret svare på kvifor kundane skal velge ditt produkt (vare eller tjeneste) framfor andre produkt (varer eller tjenester.)

Beskriv:

  • Kva du skal selge?
  • Kva slags behov du skal dekka?
  • Kven du skal selge til?

Formuler idéen enkelt og tydeleg. Det kan vere ein kunst.

Patent:

Skal du ta patent?

  • Ta kontakt med Patentstyret og få veiledning.
  • Besøk nettsida IPRhjelp.no eller velgekte.no for informasjon.
  • Benytt fortrolighetserklæring (IPRhjelp.no)

Visjon og mål

Formuler felles visjon og sett mål for verksemda.

Tenk over kva som er hensikta med verksemda og kva du skal gje kundane dine. Skriv ned kva som er målet med verksemda, medan visjonen er det ein strekker seg etter. Sett deg hårete mål Gjennomfør jamnleg møter for å gå gjennom mål og diskuter om de er på rett spor.

Firmanamn, domene og registrering

Når du har bestemt deg for namn på foretaket, er det viktig at du held korta tett til bryste til du har registrert det domenenamnet du vil ha. Då unngår du at andre tar det. Dersom du ikkje har eit organisasjonsnummer, kan du registrere domenenamnet på deg sjølv som privatperson og overføre det til verksemda når du har registrert den.

Ansvarsfordeling

Det er viktig å gjere ein innsats for å etablere rutiner og ansvarsfordeling internt. Fordel rollene i verkesmda, styremedlemmer og styreleder.

  • Legg ein strategi
  • Pass på at verksemda utviklar seg i ønska retning og ta beslutning deretter.

Stiftelsesmøte

Finn formålet med organisasjonen

  • Lag forslag til vedtekter
  • Finn personar som vil sitte i styret og som vil vere medlemmar
  • Lag ein plan over kva organisasjonen skal gjere den første perioden (aktivitetsplan)
  • Finn ein stad du kan arrangere stiftelsesmøtet og set ein dato
  • Spre informasjon om stiftelsesmøtet
  • Forbered deg godt før møtet slik at du veit nøyaktig kva du skal presentere og korleis

Startkapital

Korleis finansiere oppstart:

nettsida til altinn.no finn du informasjon om å starte og drive bedrift

Du bør spesifisere kor mykje av finansieringa som vil vere eigen kapital, og kor mykje må du låne.

Forretningsplanen bør minimum innhalde:

  • Forside og innhaldsliste
  • Samandrag
  • Forretningsidé
  • Mål og visjon
  • Organisering av verksemda
  • Marked og markedsplan
  • Økonomi m/ kapitalbehov, budsjett og nøkkeltall
  • Framdriftsplan
  • Verksemda si utvikling og utsikter til lønnsemd på lang sikt

Du finn god mal for forretningsplan på nettsida til Innovasjon Norge

Canvas/Forretningsmodellen

 

Fyll ut Canvas for å få oversikt og lag ein utfyllande foretningsmodell.

Forretningsmodellen skal svare på spørsmål om:

  • Kva er nøkkel aktiviteten?
  • Kva skal du levere/selge?
  • Kven er kunden?
  • Kven er konkurrent eller mogleg samarbeidspartner?
  • Korleis skal du selge /levere?
  • Korleis skal du ta betalt?
  • Kostnader
  • Inntektstraum
  • Korleis skal de levere tjenesten/varen?

Lovverk –AML

Markedsundersøkelse

Markedsundersøkelser med jamne mellomrom, slik at de kan forsikre dykk om at de heng med i markedet. Dette gjeld både om du er heilt nyoppstarta, eller om du har holdt på lenge og skal lansere eit nytt produkt eller ei ny teneste.

Ta viktige beslutningar på riktig grunnlag ved å gjennomfør markedsundersøkelser

  1. Først må du vite kva du skal undersøke, altså kva du skal finne ut om målgruppa
  2. Det kan vere lurt å designe to typar undersøkelsar: Kvalitativ og kvantitativ
  3. Så må du ha eit utvalg å forske på. Kven skal du ha intervju med og korleis skal desse foregå? Kven skal du få tall frå?

Gjennomfør ein SWOT-analyse:

 

Nettverk og kontor

Er du gründer i Øygarden Kommune og har eit ønske om å ta del i eit gründermiljø, danne nye nettverk og ha kontor i ein avdeling med andre i liknande situasjon? Verksemdene i Gründerparken har eller går gjennom etableringsfasen av eiga verksemd. Gründerparken Vest er ein møteplass for gründerar som vil gje kvarandre tips og innspel i ein viktig fase.

Budsjett i driftsfasen

Når du er over den fyrste oppstartsfasen er det ein fordel å setje vidare mål for verksemda og planlegge kva som krevst for å nå desse måla. I den sammenhengen er eit budsjett eit godt verktøy.

Budsjettering handler i hovedsak om tre budsjett:

  • Investeringsbudsjett
  • Driftsbudsjett (resultatbudsjett)
  • Likviditetsbudsjett

På altinn.no finn du gode budsjettmaler

Innhaldet i budsjettet ditt avhenger av kva slags type verksemd du har, og størrelsen på verksemda. Budsjettmalen hjelper deg å følge med og halde styr på inn- og ut-postane i regnskapet.

  • Månedsbudsjett - er der du legg inn alle inntekter og kostnadar. Då får du oversikt over kontantstrømmen selskapet ditt har kvar månad. Når du fører månadleg budsjett ser du også kor mykje lønn det er mogeleg å ta ut – dersom det er mogleg. Dersom du er heilt nyoppstarta og ikkje har inntektstall å sjå tilbake på, oppgir du ein realistisk sum basert på kor mykje inntekt du trur du vil få inn. Hugs å legge til alle tenkelege utgifter, både faste driftskostnadar (leige, forsikring, lønnsutgifter osv.) og variable driftskostnadar (materialer, emballasje, shipping osv.). Hugs å hald auge med budsjettet jamnleg. Følger du det opp regelmessig, vil det hjelpe deg å avgjere om verksemda di er på rett spor.
  • Årsbudsjett – her legg du inn dei forventa utgiftene (faste og variable) og inntekter frå drift gjennom heile året. Bruk fjorårets budsjett til å gjere prognoser for det komande året. Det årlege budsjettet er den samla oversikt over verksemda di, frå inntekter til utgift. Dette er budsjettet bedriftsrådgjevaren i banken din kjem til å fokusere på når dei hjelper deg med verksemda di.
  • Balansebudsjett – oppsummerer selskapet sine eigendelar, eigenkapital og gjeld på eit spesifikt tidspunkt. Balansen viser kor mykje selskapet ditt eig og skuldar, og kor mykje aksjonærar har investert. Eigendelane viser kva selskapet eig, mens eigenkapital og gjeld viser korleis selskapet har finansiert eigendelane. Hugs at eigendelar alltid må være lik summen av egenkapital og gjeld.

Regnskap

Alle som driv næringsvirksomhet er pålagt regnskapsplikt bestemt av norske lover og

forskrifter. Grunnen er at tal frå regnskapet skal bli send inn til myndighetene innan fastsatte fristar slik at man har eit underlag for beregning av skatter og avgifter.

  • Årsregnskap
  • Driftsregnskap 

På nettsida til altinn.no finn du informasjon om starte og drive egen bedrift - krav til rekneskapet

Dagleg drift og styremedlem

Nokre verksemder startar dagen med eit morgonmøte kvar dag eller vekemøte. De må finne ei løysing som fungerar for deg og di verksemd.

Fortel om status, resultat og planar innanfor ditt ansvarsområde. Presenter arbeidsoppgåve, tilbakemelding, tips og konstruktive råd. De kan diskutere og ta beslutninger i fellesskap.

Eit fungerande styre kan vere ein sterk ressurs for verksemda.
Nettverk – Vest Næringsråd – Grunderpark

Å bygge nettverk bør vere en kontinuerlig prosess, og du kan difor aldri sei deg ”ferdig” med å knyte nye kontakter. Like viktig er det å sørge for å oppretthalde og pleie dei kontaktene du har.

I Øygarden Kommune har vi medlemsorganisasjonen Vest Næringsråd som arbeider for å fremme næringslivets interesser i Øygarden. I tillegg til dette arrangerer VNR frokostseminarer, medlemsbesøk og Øygards konferansen. Vest Næringsråd er næringslivets stemme og næringslivets samlande aktør. Vest Næringsråd arrangerer også debattmøter om aktuelle saker, after workarrangementer og Øygards konferansen.

Vest Næringsråd har driftansvaret for gründerparken, som er eit miljø med fleire dyktige og engasjerte gründere, noko som gjer at ein kan ta del i eit spennande miljø

Visuell profil, profilering og markedsføring

Bli lagt merke til, slik at kundane finn deg.

Ei anbefaling er å kjøpe søkeord så kjem du høgare opp på listaover treff når kunden søker etter di spesifikke vare eller teneste. Sannsynlegvis er det fleire som tilbyr det kunden leitar etter, så målet ditt bør vere å skille deg ut. Sosiale medier kan vere lurt, det er gratis og ein kan nå ut til nye kundar. Det er også mogleg å kjøpe seg eksponering og nå ut til det publikum du har ønske om å nå ut til.

Synleggjering kan gjerast via logo for å skape det rette uttrykket.

Profilering handlar om å skape eit inntrykk av verksemda. Gjennom ulike aktivitetar ønsker verksemda å vekke merksemd og gjere seg synleg.

Salg -distribuering, salgssamtale og produksjon

Kartlegg kunden sitt behov og korleis imøtekome behovet, samt nå kunden gjennom dei riktige kanalane.

Det å trene på salgssamtalen kan vere en lur idé.

Ein god salgssamtale inneheld:

  • Ein presentasjon av deg og di verksemd.
  • Kva problem verksemda løyser
  • Introduksjon av nøkkelkunden og behovet deira
  • Presenter di løysing på problemet
  • Presenter ditt firma- eller produktnamn
  • Gje vedkomande ditt businesskort, flyer eller produktprøve

Kva kan ein øve på:

  • Vere klar og tydeleg
  • Snakk forståeleg (Ikkje nytt framandord)
  • Vis entusiasme og inspirer dei som lyttar
  • Sist men ikkje minst øv og ta til deg konstruktiv tilbakemelding.

Produksjon og verdiskaping er nødvendig for at folk skal ha noko å leve av.

Ein god produksjonsprosess avhenger av mange faktorer. (mellom anna: kva industi ein høyrer til, mengde, kunden, lover.) Ei verksemd si brutto verdiskaping er lik verdien av det ferdige produktet minus vareinnsats. Viss ein i tillegg trekkjer ifrå kapitalslit, kjem ein fram til netto verdiskaping.

Verdiskapinga i ei verksemd delast mellom staten som får meirverdiavgift, dei ansatte som får lønn, långjeverar som får rente, og eigaren som får utbytte.

Privat næringsliv definerar av og til verdiskaping som driftsresultat pluss lønnskostnader. Det er strengt tatt ikkje korrekt sidan man då ikkje tek hensyn til meirverdiavgifta.

HMS

HMS Foretaket skal tilpasse risikostyringa og internkontrollen etter arten, omfanget av og kompleksiteten i foretaket si verksemd. Dagleg leiar si oppgåve er å sørge for å etablere ei forsvarleg risikostyring og internkontroll. Verksemda skal kontinuerleg vurdere gjennomføringa av internkontrollen og minst gjennomføre dette ein gong i året.

Kontakt oss

Rikard Toft Ledang
Dagleg leiar Vest Næringsråd og prosjektleiar for Gründerparken Vest
Telefon: 452 80 869
E-post: rikard@vnr.no