Ambulerande og enkelt anledning

Når må du søkje?

  • Ved all sal av alkohol
  • Dersom du skal arrangere eit ope arrangement - enkelt anledning (dvs. at du har ei utvida gjesteliste kor du som arrangør ikkje treng å ha ei tilknyting til gjestene som vert invitert) som til dømes konsert, festival, bygdafest, quiz-arrangement, russearrangement, venners/venners fest eller annan type festarrangement der det skal skjenkast alkohol.
  • Dersom du skal skjenke alkohol i eit lukka selskap - ambulerande løyve (dvs. at du har ein avgrensa gjesteliste og har ein relasjon til dei som vert invitert) som for eksempel bryllaup, jubileum eller interne arrangement for firma, lag organisasjonar eller privatpersonar. Merk at nokre arrangement ikkje er løyvepliktige. Kontakt kommunen for meir informasjon.

Kven kan få skjenkeløyve?

  • Kven som helst over 20 år kan søkje

Skjenkeansvarleg under arrangementet må vere over 20 år

Kva reglar gjeld for arrangement i grendahus, forsamlingslokale o.l.?

I grendahus og andre typar forsamlingslokale, kan det haldast både løyvepliktige og løyvefrie arrangement. Sjekk her om ditt arrangement er løyvepliktig eller ikkje (PDF, 203 kB). Hugs at det er kommunen som avgjer løyveplikt i tvilstilfelle.

Driv du eller eig du eit forsamlingslokale (grendahus, selskapslokale ol.) må du informere leigetakarar om å sjekke kva krav som gjeld for skjenkeløyve. Kommunen kan kontaktast for råd og rettleiing.

Når må du ha internkontrollrutinar?

Alle opne arrangement/enkelt anledning treng tilpassa internkontrollrutinar. Større arrangement (konsertar, festivalar o.l) må ta utgangspunkt i Helsedirektoratet sin mal for internkontroll med kartlegging av utfordringar og beskriving av tiltak, og ev. innarbeide desse i ei samla rutinebeskriving.

Sjå ellers Helsedirektoratet si heimeside for praktiske råd for arrangement og festivalar: Guide til god internkontroll etter alkoholloven - Helsedirektoratet

Korleis søkje?

Bruk elektronisk søknadsskjema.

Søk om skjenkeløyve for ambulerande og enkeltarranagement

All informasjon som vert etterspurd i skjema, må sendast inn, elles vert ikkje søknaden behandla.

Kor lang tid tar det?

Behandlingstida er normalt 2-4 veker avhengig av type arrangement (4 veker for opne arrangement/enkelt anledning og arrangement av ein viss storleik). Ta kontakt med kommunen for meir informasjon og ev. avklaring om saksbehandlingstid. 

Pris

Skjenkeløyve fast/ambulerande/lukka arrangement
Type løyve Pris
Skjenkeløyve fast 6 100
Skjenkeløyve enkelt anledning Inntil kr 6 100 (Lågare pris for frivillige lag/org.)
Ambulerande skjenkeløyve 440

Skjenketider i Øygarden

Forskrift om sals- og skjenketider ved omsetning av alkoholholdig drikk, Øygarden kommune, Vestland

Lover og forskrifter

Oversikt over lover og reglar som gjeld for servering-, sals- og skjenkestadar

Treng du rettleiing/råd?

Ring oss gjerne på
telefon 56 16 00 00
måndag til fredag
kl. 09.00 - 15.00